Kort fortalt

Hard konkurranse om sjøareal

Forskar: Oppdrettarar må delta i planprosessen.

18.04.2016
(NPK-NTB): Mange oppdrettsselskap er lite aktive i dei kommunale prosessane der areal blir fordelt, ifølgje ein rapport. Dei kan oppnå mykje ved å profesjonalisere dette arbeidet, meiner ein forskar.
Gjennom forskingsprosjektet ManAqua har Nofima analysert tilrettelegging og tildeling av havbruksareal i norske kommunar. Arbeidet blir presentert under konferansen Havbruk 2016 i Bodø denne veka.
Konkurransen om sjøareala blir stadig hardare, og oppdrettsselskap opplever at dei ikkje får tilgang til områda dei ønskjer og treng, ifølgje Nofima. Forskarane meiner oppdrettsselskapa må «kjenne sin gjestingstid» når sjøareal til akvakultur blir sett av i kystsoneplanen, ein kommunal prosess med omfattande opne innspels- og høyringsrundar.
– Dersom havbruksnæringa vil sikre seg areal å vekse på, kan ho oppnå mykje ved å profesjonalisere seg på dette området. Altfor ofte ser vi at industrien ikkje deltar i planprosessen. Det har også vore tilfelle der bedrifter søkjer om ny lokalitet i eit område som ikkje er avsett til akvakultur, like etter at kystsoneplanen er vedtatt. Sånt blir det støy av, seier forskar Ingrid Kvalvik ved Nofima. (©NPK)

Publisert: 18.04.2016 10:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46