Kort fortalt

Hofseth la ned grunnstein

Første spadetak for vassanlegg.

Marius Rosbach
20.11.2023

Måndag vart vart det første spadetaket tatt for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, ifølgje ei melding frå Ålesund kommune.

Det nye vassbehandlingsanlegget for Ålesundsregionen skal reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.

Gründer og konsernsjef Roger Hofseth i Hofseth International var invitert til å legge ned grunnsteinen. Han fortalte at dei får store problem dersom dei ikkje har tilgang på reint vatn.

- Skal vi produsere dei reine og fine produkta våre, så må vi har reint vatn, uttaler han i ei melding frå Ålesund kommune.

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, seier at når det nye anlegget kjem i drift i 2026, så vert samfunnssikkerheit og beredskap mykje betre ved at ein på ein heilt annan måte enn før sikrar reint og trygt drikkevatn til folk.

Publisert: 20.11.2023 15:04

Sist oppdatert: 21.11.2023 13:08

Mer om