NPK-NTB: I juni blei det registrert 14.228 nye personbilar i Noreg. Det er det høgste talet for den første sommarmånaden sidan 1986.
– Dette betyr at dei høge registreringstala vi såg i mai held fram også i juni, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i bransjeorganisasjonen Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), som har lagt ut statistikken på ne sine. Junitalet er 28 prosent høgare enn snittet for same månad dei ti siste åra.
I dei seks første månadene i år er det registrert til saman 77.983 nye personbilar, 0,3 prosent fleire enn i første halvår i fjor. Næringsdelen, inkludert privat leasing, står for 52,6 prosent av nybilsalet.
Nullutsleppsbilar hadde ein marknadsdel på 27,7 prosent i juni, med 3.948 nye registreringar, fleire enn i nokon tidlegare enkeltmånad. Hybridbilar stod for 25 prosent av personbilmarknaden. Det gjennomsnittlege utsleppet frå dei nye bilane er 78 gram CO2 per kilometer.
– Det er rekordlågt, både i norsk og internasjonal målestokk. Den store delen elbilar og ladbare hybridar i juni trekkjer CO2-utsleppet kraftig ned, forklarar Thorsen.

Publisert: 04.07.2017 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41