Kort fortalt

Hornindals-sjøormen vert friluftsteater

- Mange seier dei har sett sjøormen.

05.02.2021
NPK-Bent Tandstad: Sommaren 2022 får Hornindal sitt eige spel. Sjøormen i Nord-Europas djupaste innsjø vil ha ei sentral rolle i friluftsframsyninga i strandkanten.
– Målsetjinga er å få til ein sommaraktivitet i Groparken annakvart år, seier initiativtakar, manusforfattar og regissør, Torunn Lødemel Stokkeland.
Det er mange som seier dei har sett sjøormen, jamvel teke bilete av ein mystisk skapnad i vatnet. Og sjølv om ekspertane stiller seg tvilande til observasjonane, så er det mange som er sikre på at det er ein sjøorm dei har sett.
– Sjøormen vi får møte i denne førestillinga held til på botnen av det djupe vatnet og vil helst vere i fred. Han samlar på gamle bilar og anna skrap som har vorte dumpa opp gjennom åra. Samstundes pyntar han hola si med teikningar av seg sjølv, som han har stole frå ungar i bygda, seier ho.
I spelet får vi også møte søstrene Fanne, Gause og Løde Mel, namn baserte på gardsnamn i Hornindal. Under ein kanotur møter dei sjøormen. Dei tre har ei storesøster, Raude Mel, som etter studiar i Bergen kjem tilbake til heimbygda.
Mentoren hennar, professor Torvald Våge, har skrive boka «Overtru og fabeldyr i Bygde-Noreg», og dei to legg stor prestisje i å avkrefte at det finst ein sjøorm i Hornindalsvatnet.
– Ideen har modna over nokre år, og no har det vakse fram ei historieline. Eg har alltid vore stor fan av KLM og Brødrene Dal, og er nok litt inspirert av dei. Det skal bli mykje humor, men også litt underliggjande alvor. Og eg kosar meg veldig når eg skriv på manuset, seier Torunn Lødemel Stokkeland til NPK.
Etter 25 år som skodespelar busett i Oslo og Asker har ho flytta tilbake til heimegarden i Hornindal. Filminteresserte vil kanskje hugse henne som dyrlege i filmen Trolljegeren. Og elles har det vore musikalar, teater og film.
– Eg er så glad for å ha kome tilbake til heimbygda, spesielt i tider som desse. Det er så godt med god plass, frisk luft og kjekke folk, seier ho.
Ho synest det er spennande å skulle lage eit spel der dialogen er på nynorsk og dialekt, og 52-åringen har tenkt å bake ein del gamle honndølsuittrykk inn i teksten.
Aleksander Raftevold skal skrive musikken, Torunn har også innleidd eit samarbeid med Opera Nordfjord og ho tenkjer at det skal vere både amatørar og profesjonelle med.
– Hornindal ligg midt i smørauget for kulturaktivitetar. Det er så mange kulturfolk i nabobygdene som treng noko å gjere, og målet er å få til ein dugnad med både profesjonelle og amatørar, avsluttar Torunn Lødemel Stokkeland.

Publisert: 05.02.2021 23:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23