Kort fortalt

Hotel Alexandra stengjer dørene

Avbestillingane renn inn.

14.12.2021

Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Stryn stenger dørene denne uka, som følgje av dei nye koronarestriksjonane.ne

Det melder lokalavisa Fjordingen tysdag.

Grov meiner dei ikkje har noko anna val etter at regjeringa mellom anna innførte skjenkestoppp frå midnatt tysdag. Han fortel at avbestillingane til Loen-hotellet rann inn etter dei nye smittevernreglane blei kjent.

– Så lenge vi ikkje veit noko om korleis ein eventuell lønskompensasjon vil bli innretta, har vi få val. Det betyr at vi vurderer permitteringar. Hotel Alexandra tel om lag 200 tilsette, medrekna heil -og deltidstilsette, seier Grov til avisa.

Publisert: 14.12.2021 22:38

Sist oppdatert: 14.12.2021 22:42

Mer om