Kort fortalt

Høgare straumpris

Mindre vatn i magasina.

10.04.2017
NPK: Vassmagasina hadde ein fyllingsgrad som var 5,6 prosentpoeng under normalen ved inngangen til 2017. På same tidspunkt i fjor var fyllingsgraden rekordhøg.
– Den tørre hausten gav oss betydeleg mindre vatn til å produsere elektrisk energi samanlikna med 2016. Sjølv om vi med klimaendringar forventa gradvis meir nedbør over tid, kan vi ikkje forvente nye rekordar kvart år, seier Vassdrags- og Energidirektør Per Sanderud i ei
Kraftprisen i snitt for dei fem norske kraftprisområda blei 27 øre/kWh for første kvartal i 2017. Det er ein auke på 24 prosent samanlikna med kraftprisane for første kvartal i 2016.
Kålprisen har auka med omtrent 70 prosent i snitt for første kvartal 2017 samanlikna med fjoråret. Krafthandelen med utlandet har difor vore dyrare i år og har indirekte auka dei norske kraftprisane, skriv NVE.
For eit vanleg hushald som bruker 20.000 kWh i året utgjer prisstiginga i overkant av 500 kroner på straumrekninga samanlikna med fjoråret.

Publisert: 10.04.2017 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42