NPK-NTB: Aktiviteten i norsk industri heldt fram å stige i mars, og det var framgang i nesten alle delområde, viser aktivitetsindeksen Norsk PMI.
Indeksen steig frå 53,0 i februar til 54,7 i mars, og er no på sitt høgste nivå på fem år. Når indeksen ligg over 50, indikerer det auka aktivitet.
– Det var ei breitt basert betring, med framgang i alle delindeksar bortsett frå leveringstida til leverandørane. Bortsett frå novembermålinga, er dette tiande månad på rad med aukande industriaktivitet, konstaterer Norsk Forbund for Innkjøp og Logistikk (Nima) og Danske Bank Norge som offentleggjer innkjøpssjefsindeksen kvar månad.
Produksjonsindeksen steig til 56,9 i mars frå 54,4 i februar, mens ordreindeksen steig frå 54 til 57. Sysselsettingsindeksen steig frå 50 til 52,2 prosent frå februar til mars.

Publisert: 03.04.2017 15:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42