ID: 12269679
(NPK): Administrerande direktør i Norsk olje og gass meiner det ikkje er grunn til å velje vekk utdanning innan petroleumsnæring.
Kriser, nedbemanning og oppseiingar er ofte det ein høyrer om oljebransjen for tida. Då direktør i Norsk olje og gass Karl-Erik Schjøtt-Pedersen gjesta karrieresenteret på Universitetet i Oslo denne veka, teikna han eit meir positivt bilete av framtida for olje- og gassindustrien i Noreg, skriv .
Fredag er fristen for å søkje opptak til høgare utdanning, og Schjøtt-Pedersen var klar på at petroleumsnæringa framleis har bruk for kloke hovud og flinke hender i næringa framover.
– Petroleumsnæringa er ei syklisk næring, og akkurat no er vi inne i ein nedtur. Det betyr ikkje at vi ikkje vil ha behov for kloke hovud og flinke hender i næringa framover, seier Schjøtt-Pedersen.
Ifølgje ei ny undersøking gjort av IRIS på vegner av Norsk olje og gass, vil det bli skapt rundt 22.000 nye arbeidsplassar i sektoren dei neste fem åra. Samtidig syner ei undersøking på vegner av Norsk Studentorganisasjon og Universitas at 20.000 studentar vurderer å byte studieretning på grunn av oljekrisa.
Frå 2014 til 2015 var det ein nedgang i talet på søkarar til studiar tett knytt til oljebransjen. Leiar for karrieresenteret på UiO Gisle Hellsten seier at realfag framleis er etterspurd, og at sjølv om søkjarar direkte knytt til petroleumsretta fag hadde ein nedgang i fjor – så var det oppgang i andre ingeniørutdanningar.
Hellsten peikar på at det ikkje er grunn til å skygge unna ingeniørfaga.
– Det er heller ikkje slik at det er mengde av ledige studieplassar på ingeniørfaga, seier Hellsten. (©NPK)

Publisert: 14.04.2016 12:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47