Kort fortalt

Ingen oppdrettsavgift no

Per Sandberg treng meir tid.

14.06.2017
NPK: Det blir vanskeleg å få på plass den nye eksportavgifta på uforedla oppdrettslaks alt neste sommar, trur fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Stortinget vedtok førre veke å innføre avgifta frå 1. juli 2018 og bad samtidig regjeringa komme tilbake med ei utgreiing om korleis avgifta kunne leggjast opp, i statsbudsjettet for neste år. Men tidsfristen blir for kort, meiner fiskeriministeren.
– Vi har ikkje heimel til å krevje inn ei slik avgift i dag, og ei lovendring med høyring av eit lovforslag tar tid. Det er ikkje mogleg å få gjort dette i den alminnelege budsjettprosessen, seier fiskeriminister Sandberg til .
– Tidsfristen er òg noko kort for å få dette inn revidert nasjonalbudsjett for 2018, som kjem til våren, legg han til.
Den nye avgiftsordninga vart vedtatt mot stemmene til regjeringspartia Høgre og Frp, og Sandberg legg ikkje skjul på at han er sterkt kritisk til vedtaket, som han meiner ber preg av å vere uferdig.
– Det er framleis uklart for meg korleis grunngivinga om betaling for areal kan bli til ei eksportavgift på uforedla fisk. Føremålet blir derfor uklart, og det er eit vanskeleg utgangspunkt for ei vurdering, seier Sandberg, som fryktar at avgifta særleg vil ramme dei små oppdrettarane.
Stortingsrepresentant Torgeir Knag-Fylkesnes (SV) er oppgitt over utspelet og meiner fiskeriministeren lar eigne synspunkt påverke gjennomføringa av politiske vedtak.
– Per Sandberg er rett og slett ikkje profesjonell nok. Vi har sett fleire gonger at han blandar eigne meiningar med vedtak gjort av Stortinget. Spørsmålet er om han er eigna til å vere statsråd når han ikkje følgjer opp vedtaka Stortinget har gjort, seier Knag-Fylkesnes til Fiskeribladet.

Publisert: 14.06.2017 13:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41