Kort fortalt

Inkassoeksplosjon sidan finanskrisa

Namsfogden i Oslo åtvarar.

20.02.2017
NPK-NTB: I fjor gjekk 355.000 gjeldssaker til namsfogden, 80 prosent fleire enn i 2008. Namsfogden i Oslo meiner folk får kreditt når dei burde fått kroken på døra.
Talet på saker som hamnar hos namsfogden i Noreg har auka frå 197.700 til 355.000 på åtte år, skriv Dagsavisen. Det er 80 prosent auke.
– Dette har berre gått oppover og oppover, seier namsfogd i Oslo Alexander Dey.
I Oslo er auken 117 prosent, frå snautt 21.000 saker i 2008 til 45.500 saker i 2016.
– Vi ser at folk som har svak økonomi openbert får tilgang på kreditt. Dei har fått tilgang på ny kreditt på eit tidspunkt der det verkeleg burde vore kroken på døra, seier Dey.
Han ser to moglege forklaringar.
– Enten må bankane bevisst låne ut pengar til folk med svak økonomi, fordi dei tener grovt på at dei må betale over lengre periodar. Eller så må det vere at misleghald av betalingar etterlèt så få spor at kredittvurderinga dermed blir for dårleg.
Talet på saker som hamnar hos namsfogden er berre toppen av isfjellet når det gjeld inkassosaker, ettersom det berre er utbetalte inkassokrav som går dit.
Norske hushald skuldar over 3.000 milliardar kroner, inkludert 86 milliardar kroner i forbrukslån.

Publisert: 20.02.2017 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42