Paul Harald Leinebø og Trond Skodjevåg Bø
OFFSHORE VIND: Paul Harald Leinebø og Trond Skodjevåg Bø er samde om at det er viktig at fiskeriinteressene vert høyrde før utbygging av offshore vind, men at det bør vere plass nok for både fiskarar og havvind-anlegg. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi har meir enn nok areal til både vind og fisk

Den eine kjempar for fiskarane, den andre for å utnytte offshore vind, men begge er samde om at fiskarinteressene må verte høyrde før nye vindprosjekt til havs.

17.06.2021

- Ja, vi bør lære av erfaringane frå utbygginga av olje- og gassinstallasjonar, slik at vi ikkje får nye store konfliktar.

- Samstundes er havvind ein av ressursane vi definitivt bør utnytte, og drage på den kompetansen vi har frå olje- og gassindustrien.

Det seier Trond Skodjevåg Bø, salssjef for offshore vind i Ulsteinvik-baserte Island Offshore.

Selskapet har fire skip med gangbru til offshore vind-installasjonar, der to har kontrakt innanfor utbygging av vindparkar for havs.

- For oss er dette eit viktig satsingsområde, og det finst store mulegheiter for den norske maritime næringa innan havvind.

Nok til alle
Paul Harald Leinebø frå Leinøya er fiskebåtreiarar og i tillegg leiar i organisasjonen Fiskebåt Vest. Han seier at næringa ikkje er imot havvind, men meiner at det må vere muleg å byggje ut havvind utan å kome i konflikt med fiskeriinteressene.

- Vi har to millionar kvadratkilometer havområde. I utgangspunktet burde dette vere nok til alle, seier Leinebø.

Han viser til at erfaringane tilseier at oljeinstallasjonane ikkje vert fjerna, sjølv om aktiviteten er avslutta.

- Sjå berre på Frigg-feltet. Installasjonane står igjen som museum, og lagar hindringar for fiskarane. Slik kan vi ikkje ha det.

- Viktig siger
Han viser spesielt til planane for Havsul utanfor Haram og Giske, midt i gyteområdet for norsk vårgytande sild, det rikaste gyteområdet i verda. Dette prosjektet er no stoppa, men det skulle berre mangle, meiner Leinebø.

- Dette var ein viktig siger for oss.

Men for gigantprosjektet Hywind Tampen utanfor Gulen har ikkje fiskarorganisasjonane fått gjennomslag.

- Vi kom med forslag til endringar slik at ikkje anlegget kom midt i trålfeltet, men vart ikkje høyrde.

- Det skulle ikkje store endringar til før alle partar ville vore fornøgde.

Leinebø og Skodjevåg Bø deltok på Fosnavågkonferansen torsdag, ein fysisk konferanse med 100 deltakarar.

Vi har to millionar kvadratkilometer havområde. I utgangspunktet burde dette vere nok til alle
Paul Harald Leinebø

Nytt norsk industrieventyr
Bakgrunnen for diskusjonen mellom dei to lokale aktørane er at havvind vert ofte omtala som det nye norske industrieventyret, som skal gi oss mange nye arbeidsplassar og mulegheiter for omfattande eksport.

Men motstanden frå fiskeriorganisasjonane har vore sterk.

- Vi er positivt innstilte til andre næringar, men vi må få til dette utan å øydeleggje for fiskerinæringa, seier Leinebø.

Skodjevåg Bø er samd.

- Her er det viktig at styringsmaktene gjer eit grundig høyringsarbeid før utbyggingar vert godkjende, og vi bør klare å unngå viktige gyte- og oppvekstområde.

- Vi bør ha ein arealplan og skikkelege konsekvensutgeiingar. Samstundes må vi leggje til rette for å skape nye arbeidsplassar når arbeidsplassane gradvis forsvinn i oljenæringa.

Han trur at satsinga på flytande konstruksjonar gjer dette lettare.

- Også flytande konstruksjonar er forankra i botnen, men desse konstruksjonane er ikkje så djupneavhengige.

Verdas største
Regjeringa har nyleg sagt ja til utbygging av Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II, i tillegg til Hywind Tampen utanfor Gulen.

Dette vert verdas største og Norges første anlegg for flytande havvind.

"Dette er eit lite steg i det globale grøne skiftet – men det er eit stort steg for norsk havvindsindustri og flytande havvind. Hywind Tampen kan bli starten på eit nytt eventyr for norsk industri," sa olje- og energiminister Tina Bru om Hywind Tampen.

Dette gigantprosjektet, som Equinor står bak, omfattar elleve flytande havvindturbinar som ein reknar med skal kunne produsere 384 GWh årleg, og knytast til Snorre- og Gullfaksfeltet.

Publisert: 17.06.2021 17:50

Sist oppdatert: 18.06.2021 09:28

Mer om