Kort fortalt

Ja til kraftverk i Haram

Får byggje i Eikeelva.

21.02.2017
NPK: Clemens Kraft AS har fått løyve til å byggje Eikeelva kraftverk i Vestrefjorden i Haram kommune i Møre og Romsdal, fortel Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.
Kraftverket får ein årskapasitet på 4,5 GWh, tilsvarande straumforbruket i 225 husstandar.
Kraftverket skal utnytte eit over 300 meter høgt fall i Eikeelva. Vassvegen er på om lag 1.600 meter og skal etter planen gravast ned, opplyser NVE.
Clemens Kraft er dotterselskap av Opplysningsvesenets fond og driv frå før 19 kraftverk i Noreg.

Publisert: 21.02.2017 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42