NPK: Erfaring viser at garnfiske etter blåkveite er det mest utfordrande fiskeriet med tanke på såkalla «spøkelsesfiske».
Blåkveitefisket er godt i gang og mange er ferdige med kvoten. Det er derimot vanskeleg både å finne og å få opp att tapte reiskapar dersom noko vert mista. Kystvaktsentralen vil derfor ha beskjed om tap av all fiskereiskap.
Ei garnlenke med blåkveitegarn fører nemleg til eit svært uheldig skjult fangstuttak.
Også i år vil Fiskeridirektoratet gjennomføre eit oppreinskingstokt etter tapte fiskereiskapar. Ved å melde frå slik det er krav om, bidrar ein til å redusere det skjulte fangstuttaket og forsøpling av havet, skriv direktoratet på nettsidene sine. Hugs derfor å melde frå om tap til Kystvaktsentralen dersom noko vert mista.

Publisert: 08.06.2017 10:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41