Kort fortalt

Jets-reinsing på "Rem Ocean"

Hareid-bedrifta Jets Vacuum har installert sitt første nyutvikla kloakkreinseanlegg Ecomotive på eit norsk skip. Først ute var Rem Offshore-skipet "Rem Ocean". Det opplyser Jets i ei pressemelding.

17.12.2013
Her er heile pressemeldinga frå Jets:

Kjennest lovande

Svein Erling Hjørungdal frå Jets Vacuum har saman med ein kollega stått for oppstarten av reinseanlegget på Rem Ocean, som er bygg nummer 352 ved Kleven Verft. Han skal også følgje anlegget tett gjennom det komande året, når båten etter planen skal i teneste i Nordsjøen frå februar 2014.
- Det kjennest veldig lovande å få setje dette reinseanlegget i drift, og eg har tru på det vi leverer. Sidan dette er det første anlegget vi startar opp, har vi fått ein avtale med rederiet som går ut på at vi kan kome om bord for å inspisere og ta prøver med jamne mellomrom i eit heilt år. Det kan gi oss verdifull informasjon om driftstilhøva over tid, og hjelpe oss til å vidareutvikle reinseteknologien til å bli enno betre. Slik sett får også Rem Offshore ei unik oppfølgjing, så det er vinn-vinn for både oss og reiarlaget, påpeikar Hjørungdal.

Ser lyst på å vere prøvekanin

Espen Knudsen som er maskinsjef på Rem Ocean, skal saman med førstemaskinist Hallvard Kvalsvik halde skuta i dagleg drift. Men Knudsen ser slett ikkje mørkt på å segle ut i Nordsjøen med det første reinseanlegget i sitt slag, sjølv om skipet skal drive med IMR-tenester (inspection, maintenance, repair) og på kort varsel kan bli sendt dit det eventuelt måtte oppstå problem med oljeinstallasjonar.
- Vi skal rett inn i ei 8-års kontrakt med Statoil på periodisk vedlikehald og ettersyn av brønnkonstruksjonar i Nordsjøen, og vi skal dessutan vere i Statoil sin beredskap som ein slags flytande vaktmeister for oljeindustrien. Skipet er dermed heilt nøydd til å vere operativt, og då er faktisk reinseanlegget ein kritisk komponent. Dersom det sviktar, så er båten ute av drift. Som første båt med Ecomotive reinseanlegg til havs er vi vel ei slags prøvekanin, men det ser vi lyst på. Alle maskinistar er nysgjerrige av natur, og eg tykkjer det er spanande å prøve ut nye ting. Det er det ein har gjort på Sunnmøre i alle år, og lukkast. Dessutan veit vi frå før at Jets Vacuum har eit serviceapparat som verkar den dagen behovet er der, seier Knudsen.

Kom langvegs for å sjå

Anlegget om bord på Rem Ocean er del av ein heil serie med biologiske reinseanlegg i ulike storleikar, der alle modellane er bygde over same lest. Eit av Jets Vacuum sine dotterselskap, Ecomotive AS, har vore tungt involvert i utviklinga av anlegget – som skil seg ein heil del frå andre leverandørar sine biologiske reinseanlegg. Dotterselskapet har sitt utspring i miljøet kring universitetet på Ås, og prosjektingeniør Daniel Todt i Ecomotive AS, som har vore med på utviklingsarbeidet heilt sidan byrjinga, hadde teke turen frå Ås for å besøke Rem Ocean.- Det er interessant å sjå anlegget om bord, og det første eg la merke til var kor mykje trangare det er her enn på laben der vi utvikla anlegget. Eg tykkjer det er godt gjort at vi klarar å reinse kloakk så bra som dette anlegget faktisk gjer, med så liten plass som vi har tilgjengeleg her. Driftstilhøva og den tilgjengelege plassen på eit skip er ei utfordring som det er nyttig å sjå med eigne auge - spesielt fordi vi må ta omsyn til dette når vi skal vidareutvikle reinseanlegget. Det krevst eit veldig gjennomført prosessdesign for å lukkast med eit skipsreinseanlegg, og ein må tenkje seg godt om undervegs. Så langt meiner eg vi har klart dette bra, avsluttar Todt.

Publisert: 17.12.2013 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22