NPK: Om ikkje lenge kan robotar overta handsaminga av byggjesøknader i kommunane, skriv Dagens Næringsliv.
I Noreg jobbar i dag omtrent 1.500 kommunale sakshandsamarar med behandling av byggjesøknader. Dei siste åra har mengda av byggjesøknader på landsbasis lege på i underkant av 100.000 søknader per år, viser tal frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Men no er automatiseringa i kjømda. Bodø og Kongsberg er først ut, og har valt it-konsernet Evry som samarbeidspartnar for å utvikle, implementere og realisere løysinga. Ifølgje leverandøren vil det gi kortare sakshandsamingstid, betre samhandling og reduserte kostnader.
Pilotprosjektet skal vere klart til sommaren.
– Dei fleste enkle byggjesaker kan i praksis automatiserast heilt, noko som reduserer behovet for menneskeleg tilverking. Også ved kompliserte utbyggingsprosjekt, der vurdering og skjønn slår inn, vil ein oppnå positive effektar, seier Geir Arne Olsen, leiar for Evrys satsing i offentleg sektor, til avisa
Han anslår at bortimot 80 prosent av søknadene kan behandlast av robotsystemet.
– Dét betyr at sakshandsamarar kan konsentrere seg om dei resterande 20 prosent av søknadene, som av ulike årsaker krev at ein i tillegg må ha ei manuell behandling, seier Olsen.

Publisert: 20.03.2017 16:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42