(NPK-NTB) Etter at Noreg-Kina-forholdet vart normalisert, strøymer kinesiske turistar til Hurtigruten. I fleire år har selskapet vore utestengt frå marknadsføring i Kina.
Normalt har Hurtigruten selt reiser for rundt 50 millionar kroner i året til kinesarar. Konsernsjef Daniel Skjeldam seier til at han trur talet kan tidoblast.
–Vi ser for oss at berre i 2018 skal vi tredoble tala, og på fem år bør vi vere oppe på ein halv milliard i året. Det er eit konservativt anslag. Det kan godt bli mykje større, seier han. Hurtigruten tar no grep for å handtere den auka interessa. To skip skal spesialtilpassast med nye skilt på kinesisk og kinesisk mat til frukost, lunsj og middag.
Tidlegare vart annonsekampanjar for Noreg stoppa i Kina som følgje av det dårlege forholdet mellom landa etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010. Hurtigruten merkar ei betydeleg betring etter at Noreg i desember igjen vart tatt inn i den politiske varmen i Kina.
–Vi har gått og venta på ei normalisering av forholdet mellom Noreg og Kina. Vi gjekk sporenstreks i gang med å marknadsføre norskekysten då den gode Kina-nyheita kom. Etter at samarbeidsrelasjonane no er på plass, vil moglegheitene våre auke formidabelt i Kina, seier Skjeldam.
Kinesiske selskap har allereie chartra MS Midnattsol til fire seglingar på rad i januar/ februar 2018, noko som betyr at dei leiger heile skipet med plass til 500 gjester i halvannan månad i strekk.

Publisert: 07.02.2017 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42