Kort fortalt

Klasseskiljet aukar

Større økonomiske forskjellar i Noreg.

23.02.2017
NPK-NTB: Sidan 2006 har den økonomiske ulikskapen i Noreg auka med 14 prosent, viser tal frå Det tekniske berekningsutvalet (TBU).
Fasiten i TBUs hovudrapport, som vart lagt fram onsdag, viser at vi får stadig større forskjellar, skriv Klassekampen.
Økonomisk ulikskap blir internasjonalt målt med den såkalla Gini-koeffisienten. Målt etter den har Noreg, nest etter Island, lenge vore det landet som hadde minst klasseskilje i Europa.
Frå 2006 til 2015 gjekk Noregs Gini-tal frå 0,216 til 0,247, ein auke på i overkant av 14 prosent, om utbytte blir teke med i inntekta. Under den blå regjeringa har utviklinga skote i vêret. Frå 2013 til 2015 har ulikskapane auka med 9,7 prosent.
– Det er ein tendens som har vore i mange land, og den har vore hos oss ei god stund, seier Ådne Cappelen, leiar for TBU.
Erlend Wiborg (Frp), nestleiar i Stortingets arbeids- og sosialkomité, meiner innvandringa er ein viktig årsak til auka ulikskap.
– Det ser vi også på fattigdom i Noreg. Nokre forskjellar vil ein alltid ha i eit samfunn, og det er bra, men dei bør ikkje vere for store, seier han.
SV-leiar Audun Lysbakken seier at samfunnet er på veg i feil retning og meiner politikarane kan endre utviklinga.
– Vi kan endre arbeidsmiljølova, styrke fagrørsla, motverke sosial dumping og vekst i innleige, seier han.

Publisert: 23.02.2017 08:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42