NPK-NTB: Noreg går frå 16.- til 12.-plass på EU-kommisjonens innovasjonskåring, men det er framleis langt opp til nabolanda våre.
European Innovation Scoreboard kjem ut éin gong i året. Det er 27 forskjellige indikatorar som til saman går gjennom rammevilkår, investeringar i innovasjon, innovasjonsprosjekt og resultat.
– Eg er glad for at Noreg gjer det betre på denne målinga. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Det er viktig for å skape og sikre arbeidsplassar, og leggje grunnlaget for at vi kan leve gode liv, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.
EU-kommisjonens resultatliste rangerer dei sju øvste landa som "innovasjonsleiarar". Dei ni neste plassane er i kategorien "sterke innovatørar". Det er i denne gruppa Noreg no har lagt seg etter seks år i gruppa kategorisert som "moderate innovatørar" og på gjennomsnittet i EU.
Sveits toppar lista. Bak følgjer Sverige, Danmark og Finland.
– Det er bra at vi kan måle oss mot andre land og finne ut kvar vi er gode og kvar vi kan bli betre. Det kan gi inspirasjon og nye idear for norsk næringsliv, seier Mæland.
På regionsoversikta blir Trøndelag trekt fram som den 20. beste i Europa av til saman 220 regionar. Saman med Oslo og Akershus blir Trøndelag trekt fram som leiande innovatørar i Noreg.

Publisert: 21.06.2017 10:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41