Kort fortalt

Klimautval vil pause oljeleiting

Ber om sluttplan for næringa.

27.10.2023

(NPK-NTB-Marie De Rosa): Regjeringas klimautval meiner det ikkje bør givast fleire løyve til leiting og utvinning av olje før det er lagt ein sluttstrategi for petroleumsverksemda.

Denne strategien bør leggjast fram for Stortinget så raskt som mogleg, konkluderer ekspertutvalet.

Utvalet har fått i oppdrag å vise korleis Noreg kan nå målet om å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050 samanlikna med 1990. Det blir leidd av siviløkonom Martin Skancke.

Fredag overleverer han rapporten til nyslått klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i oljebyen Stavanger.

Fleire av forslaga frå utvalet rettar seg direkte mot oljenæringa.

Forutan å etterlyse ein sluttplan for norsk petroleumsverksemd, tilrår ekspertutvalet permanent stopp i leiteverksemd som ikkje er direkte knytt til eksisterande infrastruktur.

Regjeringa har allereie utsett 26. konsesjonsrunde, som gjeld nettopp såkalla umodne område der det ikkje går føre seg oljeleiting frå før – men berre ut 2025. Det skjedde etter budsjettforhandlingane med SV i fjor haust.

Tildelingane i førehandsdefinerte område (TFO), altså dei modne delane av sokkelen, held likevel fram som før.

Utvalet meiner det ikkje bør takast avgjerder om bygging av ny infrastruktur som bind Noreg til utslepp fram mot og forbi 2050, og tilrår dessutan å redusere aktiviteten i petroleumsverksemda utover forventa aktivitetsnivå fram mot 2050.

Også landbruket blir lagt under lupa i rapporten frå klimautvalet.

Utvalet oppmodar regjeringa til å skjerpe ambisjonane for omstilling i jordbrukssektoren og meiner det bør setjast eigne klimamål for utslepp, opptak og lagre av karbon i sektoren for skog- og arealbruk.

Jordbruket står i dag for 9,4 prosent av klimagassutsleppa, ifølgje Miljødirektoratet. Dei viktigaste utsleppskjeldene i Noreg er olje- og gassutvinning, industri, vegtrafikk og annan transport.

Klimautvalet tilrår også at det blir innført sterkare verkemiddel for energieffektivisering og at produksjonen av fornybar energi blir auka. Låge energiprisar bør ikkje setjast som hovudmål for energipolitikken, heiter det i rapporten.

Vidare vil utvalet presisere det norske klimamålet for 2050 og slå fast at minst 90 prosent av utsleppa frå norsk territorium skal kuttast.

Noreg bør halde fram klimasamarbeidet med EU og delta i EUs klimaregelverk fram mot 2050, konkluderer utvalet, som maner til å få opp tempoet i gjennomføringa av EUs regelverk for omstilling.

(©NPK)

Publisert: 27.10.2023 14:32

Sist oppdatert: 27.10.2023 14:32

Mer om