NPK-NTB: Amerikanarane vil ha stadig meir laks, men ein proteksjonistisk Trump kan stoppe veksten.
Den samla norske sjømateksporten til USA auka med 36 prosent i første halvår og gav 3 milliardar kroner i inntekter. For lakseeksporten var veksten på heile 54 prosent, skriv .
– USA er eit kjøpesterkt marknad, og den sterke valutaen har gjort at prisauken på laks har hatt mindre effekt der enn andre stader, fortel analytikar Paul Aandahl i Noregs sjømatråd. Han trekker også fram mindre konkurranse frå Canada og Chile som har problem med lakseproduksjonen.
USA er blant verdas største importørar og eksportørar av sjømat, men president Donald Trump har lenge varsla ein meir proteksjonistisk handelspolitikk, som inneber ein økonomisk politikk kor ein ved ulike midel avgrensar handel mellom land. Det kan få konsekvensar for norsk fisk.
– Den norske eksporten går til 140 marknader, og ingen av dei er dominerande. Dermed er konsekvensen av å miste eitt marknad avgrensa, men det kan ha dramatisk effekt for enkelte aktørar som satsar hardt på USA, seier Aandahl.

Publisert: 06.07.2017 09:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41