Ei av dei største fiskerikontraktene for Rapp Marine, seier salsdirektør Tor-Idar Øye om leveransen til Aker Biomarines nye krillskip, som skal byggast hos Vard. Øye jobbar for Bodø-selskapet, med base på Vartdal på Sunnmøre.
Partane opplyser ikkje storleiken på kontrakten.
Rapp Marine skal levere det elektrisk drivne dekksmaskineriet og i tillegg bom og riggkonstruksjonen, som mellom anna skal gjere at krillfartyet kan tråle med mindre energiforbruk.
Krillfartyet skal slepe trålane etter bommar som stikk ut frå skipet midtskip, i staden for at dei heng bak hekken.
Krillskipet skal etter planen koste over ein milliard kroner, medrekna krillfabrikk og anna utstyr.
Fabrikken som skal bearbeide krillen blir leverte av Optimar og vil åleine koste over 250 millionar kroner.

Publisert: 16.06.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41