NPK-NTB: Statoil har brukt fire milliardar dei tre siste åra på å pensjonere tilsette tidleg, skriv Dagens Næringsliv. Selskapet har kvitta seg med kvar femte tilsett.
– I 2016 brukte vi 140 millionar dollar på tidlegpensjonspakker og sluttpakker, av dei var cirka 70 prosent knytt til tidlegpensjon, seier informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen i Statoil til . Tidlegare har Statoil brukt til saman tre milliardar kroner, og dermed er totalsummen oppe i fire milliardar på tidlegpensjonar. Sluttpakkene kjem ifølgje Dagens Næringsliv i tillegg, og summen her kan hamne på halvannan milliard.
Gründer Ståle Kyllingstad bak leverandørbedrifta IKM reagerer på at Statoil brukar så mykje på å kvitte seg med tilsette.
–Det er for mykje pengar å bruke på sluttpakker, også i Statoil. Det er sløsing sett i system med Statoils og statens pengar, seier han.
Pedersen seier på si side at det har vore nødvendig å gjennomføre omstillinga.
–Vi har gjennomført betydeleg årlege kostnadsinnsparingar på 3,2 milliardar dollar.

Publisert: 27.03.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42