NPK: Noreg er verdsleiande på oppdrett av kveite. Til no har det vore vanskeleg å tene pengar, men no kan eit anlegg på Bømlo i Hordaland ha knekt koden.
Dette skriv
– Det som er banebrytande er at vi kan hente vatn frå ulike djup og velje temperatur på vatnet, og styre inn det vatnet som er mest eigna for fisken, seier dagleg leiar Jan Ove Morlandsø i Tubilah til NRK.
Målet til bedrifta er å produsere 500 tonn kveite i året.
– Det er meir stabil produksjon av yngel, og meir jamn og god kvalitet. Vi er mykje meir optimistiske no enn tidlegare. Det er derfor vi går vidare no. Vi har redusert talet på døde fisk og kan no produsere på berekraftig vis, seier driftssjef Moldøen til NRK.
Anlegget på Bømlo er unikt for kveite og er eit pilotprosjekt støtta av Innovasjon Noreg og Forskingsrådet.

Publisert: 16.05.2017 20:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42