NPK-NTB: Det er ikkje funne kjøparar til gasskraftverket på Kårstø. Kraftverket, som hadde ein prislapp på to milliardar kroner, endar dermed på skraphaugen.
Avgjerda om å rive kraftverket blei tatt på styremøtet i Naturkraft, som eig gasskraftverket, onsdag, ifølgje Montel. Selskapet er igjen eigd av Statoil og Statkraft.
– Det er inngått ein avtale som inneber at Kårstø-anlegget blir rive og fjerna. Planlegginga startar i sommar, og det er forventa at sjølve rivinga startar til hausten. Det vil ta cirka åtte månader, seier pressetalsmann i Naturkraft, Lars Magnus Günther.
Opphavleg skulle kraftverket i Tysvær i Rogaland vore selt i 2016, og Statoil og Statkraft har i lang tid vore på utkikk etter ein kjøpar.
– Det var mangel på kjøparar. Det har vore jobba lenge med å finne ei kommersiell løysing for relokalisering, men den prosessen blir no avslutta med å fjerne og rive gasskraftverket, konstaterer Günther.
Kraftverket har vore ute av drift store delar av tida etter at det stod ferdig i 2005. Bygginga var omstridt og felte i 2000 Bondevik-regjeringa etter at dei stilte kabinettsspørsmål om saka.

Publisert: 07.07.2017 20:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41