Kort fortalt

Laksen endrar seg

Rømt oppdrettslaks endrar villaksstammen.

12.04.2017
NPK-NTB: Ein ny studie viser at genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks gir færre store villaksar.
Ifølgje ein ny studie har villaks med mykje genetisk påverknad frå oppdrettslaks ein annan alder og storleik når han blir kjønnsmoden enn villaks som har mindre oppdrettslaks i slekta. Det fører blant anna til at det blir færre storlaksar i elvane, skriv .
Kvart år rømmer hundretusenvis av oppdrettslaks frå norske oppdrettsanlegg, og fleire tusen av desse går opp i elvane der dei kan gyte med villaksen
– Avkommet blir ei kryssing mellom oppdrettslaks og villaks, som i neste generasjon kan krysse seg på ny med villaks eller rømt oppdrettslaks, skriv Norsk institutt for naturforsking (Nina).
I fleire elvar i Noreg er det dokumentert at ein stor del av arvematerialet til villaksen stammer frå rømt oppdrettslaks. Villaksen i norske lakseelvar er dermed i større eller mindre grad genetisk påverka av den rømte oppdrettslaksen.
Forskar Geir H. Bolstad ved Nina seier dei trur endringar vil føre til at villaksbestandane blir meir sårbare.
– tyder på at effekten i Finnmark er større enn andre stader i landet, spesielt når vi såg på kor stor laksen var samanlikna med kor gammal han var, seier Bolstad, som legg til at dei trur slike endringar er uheldige for produksjonen i laksebestandane.

Publisert: 12.04.2017 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42