Kort fortalt
Lang kontrakt for Intership-båt
Brønnbåtreiarlag får oppdrag i Chile.
Marius Rosbach
23.08.2023
Hareid-reiarlaget Intership har inngått ei langsiktig avtale for ein av dei nye brønnbåtane dei har under bygging i Tyrkia.
Avtalen er med lakseoppdrettaren Multi X i Chile og brønnbåten vil starte arbeidet i andre halvdel av 2024.
Selskapet opplyser ikkje lengda på avtalen.
Reiarlaget har ein flåte på åtte fartøy og har tre brønnbåtar under bygging.
Intership fekk ny vekst i inntektene i fjor, men høg rente svekka lønnsemda. I årsrapporten for 2022 gjekk det óg fram at reiarlaget planlegg å utvide flåten ytterlegare framover.
Publisert: 23.08.2023 09:08
Sist oppdatert: 23.08.2023 09:08