Intership dåp inter atlantic foto intership 11
DÅRLEG VER - GODT OPPMØTE: Mange trassa veret og møtte opp på Raffelneset for å feire den nye brønnbåten til Intership. Dagleg leiar Ole Peter Brandal (nr. 2 f.h.) under seremonien på kaia. Foto: Intership
Nytt

– Ein stor inspirasjon for oss

Mange ville feire den nye brønnbåten til Hareid-reiarlag. Om berre få månader kjem neste nybygg.

Marius Rosbach
13.03.2023

Mange møtte opp for å vere med på dåp og gå om bord i den nye brønnbåtet til reiarlaget Intership på Hareid i helga.

Inter Antlantic vart døypt av gudmor Nikki Rigg, kona til styreleiar i reiarlaget, Peter Rigg, til stort oppmøte og korpsmusikk på kaia laurdag.

– Det er ein stor inspirasjon for oss å kunne vise fram det vi driv med. Vi har nok vore litt anonyme, men vi har mange lokalt tilsette, både på båtane og i administrasjonen. Dette er eit bevis på at vi har ein plass i lokalsamfunnet, seier dagleg leiar Ole Peter Brandal til NETT NO om laurdagens arrangement.

Intership inter Atlantic dåp gudmor skipper 11
GUDMOR OG KAPTEIN: Kaptein Erling Aarbakke saman med gudmor Nikki Rigg foran den nye brønnbåten. Foto: Oclin

Installerte nytt avlusarsystem
Etter dåpen gjekk båten rett til Myklebust Verft for å få installert eit nytt avlusarsystem. Ved å kombinere bruk av ferskvatn og lågtrykkshandtering kan ein fjerne lus og behandle sjukdom i same operasjon.

– Ved hjelp av det mekaniske avlusingssystemet tek du ned tida for behandling frå åtte-ti timar, til tre timar. Det er ein stor effektivitetsforbetring, påpeiker Brandal.

Den nye båten har allereie vore i arbeid i Skottland. Når den no skulle til Myklebust for å installere utstyr, passa det bra å ta dåpen samtidig. Båten skal no tilbake i arbeid i Skottland.

Neste nybygg klart om få månader
Med Inter Atlantic på plass i flåten har Hareid-reiarlaget ein flåte på åtte fartøy. Reiarlaget har også tre andre båtar under bygging, eit nybygg frå det spanske Zamakona-verftet, i tillegg til to nybygg frå Sefine-verftet i Tyrkia.

– Den neste båten Inter Scotia kjem frå Zamakona kjem på seinsommaren. Og dei to neste skal vere klare hausten 2024, fortel Brandal.

Til saman dreiar det seg om investeringar på kring to milliardar kroner, som selskapet annonserte i fjor. Reiarlaget er no oppe i om lag 140 tilsette.

Publisert: 13.03.2023 11:34

Sist oppdatert: 05.05.2023 09:10

Mer om