Kort fortalt

Larvar vert fiskefôr

Blir feita opp på avfall.

06.07.2017
NPK-NTB: Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) vil slå to fluger i eitt smekk når dei lar larvar ete avfall før larvane sjølv blir etne av oppdrettsfisk.
I ei kasse hos Nibio i Ullensvang blir det servert matavfall til mjølbillelarvar, som veks seg store og feite. Deretter er det altså larvane sjølv som står på menyen når dei blir brukt som fôr til oppdrettsfisk, melder
– Dette er ein vinn-vinn situasjon – der larver kan vere med på å gjere matavfall til ein verdifull ressurs. Vi kjem til å få store problem med å handtere avfall i tida som kjem. I tillegg blir det utfordrande å produsere nok fiskefôr forklarer Gunnhild Jåstad i Nibio. Larveprosjektet er eit samarbeid mellom Nibio og NIFES, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.
– Etter kvart kan vi kanskje utvikle larvar for mat til kylling, sauer og kyr.
Dersom larvane kan erstatte importert soya frå Sør-Amerika, som i dag vert nytta i mykje dyrefôr, kan jordbruksareal blir frigjort til å produsere menneskemat, peiker Jåstad på.
På lengre sikt ser ho for seg at larvane også kan blei ein proteinkjelde for menneske etter kvart som befolkninga på jorda aukar.
– Men i første omgang er det berre snakk om larvar til fisk, forsikrar ho.

Publisert: 06.07.2017 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41