Kort fortalt

Legg ned på Mongstad

Månelandinga vart ikkje noko av.

15.02.2017
Statoil vil leggje ned gasskraftverket på Mongstad i løpet av 2018.
Dette opplyser selskapet onsdag.
Bakgrunnen er at det ikkje lenger er lønsamt for selskapet å drive varmekraftanlegget.
Ifølgje E24 vert avgjersla møtt med stor glede i miljøstiftinga ZERO, som ser på dette som ein siger for fornybar energi.
Derimot meiner Bellona-leiar Frederic Hauge at dette ikkje nødvendigvis er slutten på den norske månelandinga med storstilte planar om CO2-reinsing.
Les meir .

Publisert: 15.02.2017 18:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42