Kort fortalt

Litt færre smitta i Ålesund

Det er totalt 250 bekrefta smittetilfelle for veke 1.

10.01.2022

Smittenivået er no noko lågare enn for siste veka i 2022, då det var 309 tilfelle, skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

Smittetilfella fordelte på aldersgrupper er slik:

  • 0-5 år: 18 personar
  • 6-12 år: 29 personar
  • 13-19 år: 23 personar
  • 20-40 år: 112 personar
  • 41-64 år: 60 personar
  • 65+ år: 8 personar

Smittetilfelle fordelte på vaksinasjonsstatus:

  • Del- og uvaksinerte: 70 personar
  • Fullvaksinerte: 179 personar

88,9 prosent av alle over 16 år busette i Ålesund kommune har fått 2. dose.

Desse har fått tredje dose som oppfriskningsdose:

  • 38,6 % av alle i aldersgruppa 45-54 år
  • 54,4 % av alle i aldersgruppa 55-64 år
  • 89,1 % av alle i aldersgruppa 65-74 år
  • 94,7 % av alle i aldersgruppa 75-84 år
  • 84,3 % av alle i aldersgruppa over 85 år
  • Helsepersonell, mellom anna tilknytta legevakt, sjukeheim og legekontor

Kommunen viser til følgjande:

  • Det er registrert ein nedgang i tal påregistrerte smitta med19 prosent sidan førre rapporteringsperiode (309 mot 250). Smittetrenden er flat.
  • Dei fleste smittetilfella ser ein framleis i aldersgruppa 20 - 40 år. Andelen går ytterlegare opp frå førre rapporteringsperiode og denne gruppa står no for 45 % av smittetilfella, mot 43 sist. Smitteandelen i skulealder (6 - 19 år) er relativt stabil og utgjer ca. 20 % av totalsmitta.
  • Ein ser raskare spreiing med kortare inkubasjonstid (tid frå smitta til klinisk sjukdom) no, og dette er samanfallande med auka andel omikronsmitte.
  • Testaktiviteten er framleis låg. Når vi ser at ein aukande del av testane er positive, kan det indikere ein del skjult smitte.
  • 14 positive hurtigtestar etter skolestartscreening var lågare enn antatt. Like fullt har det hatt betyding for å redusere smittespreiiing ved oppstart. Totalt har nærare 300 blitt råka av karantenekrav etter ferien.
  • Smittesporingsteamet har registrert at fleire lèt vere å melda inn sine positive hurtigtestar. Dette fører til risiko for ukontrollert smittespreiing og er òg uheldig for den enkelte som er smitta:
  • Kommunen følgjer situasjonen nøye. Det er tilfredsstillande å sjå at smittetrenden har snudd og at smittetalet no er stabilt. Ein kontrollert låg til moderat smitta, som ikkje overbelastar samfunnsfunksjonar og helsevesen er formålstenleg.
  • Vaksinetilbodet er godt. Vaksinar er den einaste forsikringa mot alvorleg forlaup av Covid-19 og uvaksinerte utan tungtvegande medisinske grunnar til ikkje å ta vaksine, bør med omsyn til si eiga helse ta vaksine no.
  • Ålesund sjukehus har saman med Molde sjukehus ein regional funksjon for behandling av personar med Covid-19. Samla har sjukehusa pr 09.01.22, 7 pasientar med covid 19 inneliggande. Sjå oppdatert informasjon om situasjonen på sjukehusa på nettsidene i helseføretaket. Det lokale helseføretaket vårt har vært i gul beredskap sidan medio desember 2021.

Ålesund kommune har framleis lokal forskrift som varer til 12.01.22 kl. 12.00. Det blir i Ålesund, Sula og Giske ikkje gitt unntak frå karanteneplikt for personar under 18 år.

Publisert: 10.01.2022 13:07

Sist oppdatert: 10.01.2022 13:10

Mer om