NPK-NTB: Det sveitsiske selskapet Garaventa spyttar inn minst 40 millionar kroner for å bli hovudeigarar av Ulriksbanen i Bergen.
Pengane skal mellom anna brukast til å auke kapasiteten på Ulriksbanen, som er sprengd på sommarstid. Dei nye gondolane får plass til 50 passasjerar, mot 17 i dag, skriv .
Planen er vidare å utvide restaurantlokala på toppen av Ulriken og legge til rette for langt betre toalettfasilitetar for både turgåarar og gjester som skal eta. Den nye Ulriksbanen skal byggast frå 1. september neste år.
Garaventa AG blir hovudeigarar saman med Christian Foss, som er hovudeigar for Ulriken Taubaneselskap i dag. Det er ikkje klart korleis eigardelane skal fordelast framover.
Garaventa AG er ein del av det globale konsernet Doppelmayr Garaventa Group med hovudkontor i Austerrike. Dei er verdsleiande leverandøren av taubanar, skjenegåande banar og skiheisar og har ei årleg omsetning på rundt 900 millionar euro. Selskapet har òg eigarinteresser i gondolbanen i Loen i Nordfjord.

Publisert: 30.08.2019 07:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32