Kort fortalt

Lokal osteprodusent til topps

Tingvollost AS vann fylkesprisen.

15.03.2017
Fylkesprisen Årets Bedrift går til Tingvollost AS, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Verdifulle arbeidsplassar, profilering av Tingvoll og regionen og eit solid økonomisk resultat har imponert juryen.
Juryen fekk inn 38 forslag, og tysdag valde regional- og næringsutvalet å dele ut prisen til den familiedrivne bedrifta Tingvollost. Osteprodusenten lagar for tida verdas beste ost, blåmuggosten Kraftkar, og har sett Tingvoll på det internasjonale matkartet.
- Tingvollost er ein betydeleg arbeidsplass i kommunen, dei er opptatt av å nytte lokale leverandørar og bygge nettverk med andre regionale aktørar, seier leiar i regional- og næringsutvalet Runar Vestheim.
- Tingvollost har gjennom nasjonal og internasjonal merksemd, sett regionen og Noreg som osteland på verdskartet. Gjennom dei 14 åra bedrifta har eksistert, har dei vore Tingvoll sitt visittkort mot omverda, seier han.

Publisert: 15.03.2017 09:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42