Kort fortalt

Mange flyttar frå storbyane

Vil ha meir plass.

NPK
29.06.2021

På slutten av fjoråret skaut flyttestraumen ut av Oslo fart. Det same var tilfelle i kommunane Bergen, Trondheim, Stavanger og Bærum.

Det fortel Bergens Tidende som har sett nærmare på flyttemønsteret i fleire av dei mest folkerike områda i landet under koronapandemien.

Flyttestraumen ut av hovudstaden har halde fram i år. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ifylgje avisa at 8.558 menneske flytta ut av Oslo dei tre første månadene i år, noko som er det høgste talet på 20 år.

Tendensen er den same i Bergen, Trondheim, Stavanger og Bærum – som er dei fire mest folkerike kommunane i landet etter Oslo. På slutten av fjoråret auka utflyttinga frå desse kommunane med 14–17 prosent, heiter det.

Auken for utflytting frå Oslo i den same perioden var til samanlikning på heile 36 prosent.

Behov for betre plass blir trekt fram som ei medverkande årsak. Samtidig blir det peikt på at pandemien har gjort noko meir grunnleggjande med oss.

– Ønsket om fleire kvadratmeter er hovudgrunnen for dei fleste, men heile svaret ligg ikkje her, seier cand.polit./sosialantropolog Gunn-Helen Øye.

Ho meiner pandemien har tvinga mange til å tenkja gjennom verdiane sine og trur mange har fått eit anna syn på livskvalitet.

Publisert: 29.06.2021 20:21

Sist oppdatert: 29.06.2021 20:22