NPK-NTB: 40 prosent er heilt eller delvis einige i at globalisering er ein trussel mot norske arbeidsplassar, mens 34 prosent svarer det motsette, viser ei måling.
–Det overraskar meg at det er så mange som har den opplevinga, seier samfunnsøkonom og professor Karen Helene Ulltveit-Moe ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo til Aftenposten.
Målinga gjort av Respons Analyse for Aftenposten og Adresseavisen, viser at det er personar i alderen 45 og eldre som i størst grad meiner globalisering truar norske arbeidsplassar, og det er også ei overvekt av menn og personar som bur på mindre stader.
Victor Norman, professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole og tidlegare Høgre-statsråd, seier dei fleste i Noreg jobbar i ein skjerma del av økonomien som ikkje er utsett for konkurranse, og som har nytt godt av oljeinntektene.
– Noreg er den store vinnaren i ei globalisert verd, seier han til avisa.
I same måling svarte seks av ti at det er for mykje makt i Oslo.

Publisert: 29.03.2017 08:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42