(NPK): Det er litt fleire enn i fjor. Til saman skuldar dei 840.000 kroner.
No sender skatteetaten ut purring på årsavgifta som forfall til betaling 21. mars. Talet på purringar har gått opp frå 8,40 prosent i fjor til 8,66 prosent i år, fortel Statens vegvesen.
Folk i Sogn og Fjordane er dei flinkaste til å betala innan fristen. Så mange som 93,5 prosent av bileigarane i fylket betalar i tide.
Folk i Finnmark hamnar i den andre enden av skalaen. Der får 10,9 prosent purring i posten.
Dei som får purring, må i tillegg betala ei tilleggsavgift. Fristen for å betala er 4. mai. Dersom ikkje det skjer, blir krava overførte til Statens innkrevjingssentral, som vil krevja inn summen frå den som eigde bilen 1. januar. Det betyr at eigaren blir trekt i løn eller trygd.
Dersom ikkje alle avgiftene er betalte innan fristen på purringa, blir bilen avskilta. (©NPK)

Publisert: 18.04.2016 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46