Kort fortalt

Maritim eksport for 105 milliardar

Vestlandet ligg i Europatoppen i eksport.

NPK
24.06.2021

NPK: Oslo og Viken eksporterer for 63 milliardar kroner medan Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal står for 105 milliardar i eksportinntekter frå maritim sektor og offshore, viser ein ny rapport frå Menon.

Det er Skipsrevyen som omtalar rapporten som er laga på bestilling frå blant anna LO.

– Viss heile landet hadde hatt same eksportintensitet som Møre og Romsdal hadde Noreg lege tett på toppen av lista over dei mest eksportintensive landa i Europa, fortel seniorøkonom og hovudforfattar bak rapporten frå Menon, Jonas Erraia, til Skipsrevyen.

Noregs eksportinntekter er hovudsakleg havbaserte. Sjømatnæringa, den maritime næringa, offshore og leverandørindustri står sterkt på Vestlandet der nærleiken til sjøen er kort og kysten lang.

Publisert: 24.06.2021 12:38

Sist oppdatert: 24.06.2021 12:41