NPK: Miljøpartiet Dei Grøne krev at alle oppdrettsanlegg skal vera lukka innan 2025. Kravet er eitt av sju krav til næringa.
Det er Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane som står bak krava som no blir føreslegne til partiprogrammet, fortel
– Vi må slutta å sjå på dette som ei koseleg distriktsnæring. Det er ein gigantisk matindustri som kostar miljøet for mykje, seier stortingskandidat Stein Malkenes frå Sogn og Fjordane til kanalen.
Oppdrettsnæringa meiner derimot at næringa ikkje har nok erfaring med lukka anlegg og at det er for tidleg å krevja at alle anlegg skal vera lukka om åtte år. Konsekvensane kan blir utflagging til andre land, blir det hevda.
– Blir det kostbart og anlegga skal lukkast før teknologien er ferdig utvikla, trur eg mange av dei største selskapa vil sjå mot andre land og flytta produksjonen, seier dagleg leiar Elin Tveit Sveen i Marø Havbrik.

Publisert: 16.02.2017 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42