(NPK-NTB): Ein rapport frå Fiskeridirektoratet som viser at oppdrettarane har hatt torsk som gyter i merdane, får MDG til å ta til orde for stans i norsk torskeoppdrett.
Rapporten som kom i september, har gjort at næringspolitisk talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson har fått nok. Den viser at torskeoppdrettarane ikkje klarer å forhindre modning og gyting i merd, og dette kan ha konsekvensar for villtorsken.
– Fiskeriministeren har sove medan oppdrettsnæringa har pressa seg fram langs heile kysten, tydelegvis med aktiv feilinformasjon. No må fiskeriministeren dra i handbrekket, seier han til Dagens Næringsliv.
Hansson har stilt fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) eit skriftleg spørsmål i Stortinget om saka. Ho trur stans er feil veg å gå, men ønskjer berekraftig vekst.
– Torskeoppdrett har allereie hatt fleire vekstfasar som har enda i kollaps, fordi oppdrettarane ikkje har hatt kontroll på sjukdom, miljøpåverknaden eller fiskevelferda. For å hindre ein ny vekstfase med etterfølgjande kollaps er vi avhengige av ein forsiktig vekst medan kunnskapshola blir dekte, svarer statsråden.
Hansson meiner at statsråden handlar uansvarleg.
– Statsråden skriv til og med at «gyting i merd bør unngåast», men torskane sluttar ikkje å gyte i merdane fordi fiskeriministeren ber dei om det, seier han til avisa.
(©NPK)
Publisert: 11.10.2024 10:04
Sist oppdatert: 11.10.2024 10:04