Kort fortalt

– Moderne vogntog kan spare miljøet

Skogeigarar og lastebilforbundet med felles innspel.

NPK
18.01.2024

(NPK): Tysdag fekk vegdirektøren og samferdselsministeren innspel frå fleire organisasjonar om korleis mellom anna tømmer, mjølk og korn kan fraktast meir effektivt og miljøvenleg.

Verdikjeda Skog og Tre, delar av NHO-fellesskapet, Tine, Lastebileierforbundet og Skogeierforbundet arrangerte tysdag 16. januar eit frukostseminar i Oslo sentrum for å presentere innspela sine til Nasjonal Transportplan.

– Klassifiseringssystemet for offentlege vegar bør endrast, slik at vi kan gjere transporten meir effektiv, miljøvenleg og sikker, sa Dag Skjølaas i Noregs Skogeierforbund til vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Skjølaas tok til orde for at det bør leggjast til rette for bruk av vogntog med fleire akslar.

– Slik kan vi auke totalvekta på køyretøya. Framover bør det som i dag er dei største tømmerlassa, bli dei minste.

Ifølgje Skogeierforbundet gjev nokre gamle bruksklasser så små lass, og så mykje unaudsynt køyring, at dei med stort sannsyn gjev auka slitasje på vegnettet.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland fortalde at utfasing av gamle bruksklasser er noko Statens vegvesen vurderer.

– Det handlar mykje om forenkling for å auke nytta av eksisterande vegnett, sa ho.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård meinte at det er viktig å ta ut mest mogleg effekt av vegane vi allereie har.

– Vi må ta betre vare på det vi har, utbetre der vi kan, og bygge nytt når vi må, sa han i innlegget sitt.

(©NPK)

Publisert: 18.01.2024 09:53

Sist oppdatert: 18.01.2024 11:56

Mer om