Kort fortalt

Meir olje i Barentshavet

Oljedirektoratet doblar anslag.

25.04.2017
NPK-NTB: Oljedirektoratet doblar anslaget over dei uoppdaga olje- og gassressursane i Barentshavet
Det skriv Oljedirektoratet i ei pressemelding tysdag, etter å ha kartlagt den austlege delen av Barentshavet nord. Området er på om lag 170.000 kvadratkilometer, og ligg tett inntil den nye grensa til Russland.
Delen uoppdaga ressursar i Barentshavet er dermed oppjustert frå 50 til nesten 65 prosent av dei totale uoppdaga ressursane på norsk sokkel.
–Talet er naturlegvis usikkert. Det kan vise seg å vere lågare eller det kan vere mykje høgare, seier oljedirektør Bente Nyland, og legg til at om lag 60 prosent av ressursane truleg er væske, og resten gass.
Dei forventa totale ressursane er omtrent like store i Barentshavet nord som i Barentshavet sør, men den nordlege delen er berre halvparten så stor som den sørlege. Det betyr at det er omtrent dobbelt så mykje ressurspotensial per kvadratkilometer i nord som i sør.
Området er likevel førebels ikkje opna for petroleumsverksemd, og det kan ikkje bli vinna ut før på lang sikt, seier Nyland.

Publisert: 25.04.2017 16:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42