Kort fortalt

- Meir oppdrettsmakt til kommunen

Vil opne for leige av sjøtomter.

22.03.2017
NPK: Kommunane bør få meir å seia når det gjeld oppdrett her i landet, meiner dagleg leiar for tenkjetanken Triton. Han føreslår mellom anna at oppdrettsselskapa skal leiga sjøtomter der dei vil ha anlegga sine.
– I staden for eigarmodellen ein har i dag, føreslår vi å innføra ein leigemodell. Ved å innføra eit leigeprinsipp av sjøtomter, og også leige av havbruksrettar frå staten, så bryt vi det evigvarande prinsippet ein har i dag til ei norsk sjøtomt, seier Jostein Refsnes til
Han føreslår å avvikla den noverande konsesjonsordninga og meiner i staden at staten skal tildela havbruksrettar på konkrete løyve. Deretter er det ifylgje avisa opp til kommunane å bestemma kva selskap som skal få løyve til å produsera laks i tildelte område på sjø eller land.
Målet er å gje kommunane meir makt.
– I dag er det staten som er produksjonssjefen i norsk havbruksindustri. Dette er ei rolle som er i ferd med å bli gammaldags, meiner Refsnes.
Samtidig er han klar på at staten gjennom Stortinget må fastsetja eit minimum av miljøkrav, som kystkommunane kan skjerpa når dei gjev oppdrettsløyve. Dei statlege krava bør ifølgje Refsnes også omfatta kriterium for utslepp, lus, rømming, støy og andre ting.

Publisert: 22.03.2017 11:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42