Ingeniørbransjen ser meir positivt på framtida. Spesielt i privat sektor og innanfor IKT og byggjebransjen vil behovet for ingeniørar stige dei nærmaste åra.
I den årlege kartlegginga av behovet for ingeniørar som ingeniørorganisasjonen NITO utfører, svarar 42 prosent av ingeniør-arbeidsgjevarane at dei trur den generelle arbeidsmarknaden for ingeniørar vil stige dei nærmaste tre åra, skriv
I fjor var det berre 17 prosent som svarte det same.
NITO-president Trond Markussen meiner dette kan vere eit teikn på at den negative utviklinga innan ingeniørbransjen er i ferd med å snu.
– Vi ser at det er eit moglegheitsrom for dei som begynner på utdanninga og er ferdig utdanna om tre til fem år. Dei kan ha noko større moglegheiter enn i dag, meiner Markussen.
Men ikkje alle arbeidsgjevarane er like optimistiske. 16 prosent av dei spurde meiner at arbeidsmarknaden faktisk vil bli trongare dei nærmaste tre åra. Det er likevel ein stor nedgang frå same undersøking i 2016, då 48 prosent var negative.
Nesten kvar tredje arbeidsgjevar opplyser at det er vanskeleg å få tak i ingeniørar med den rette kompetansen. Spesielt kommunane slit med å finne kvalifiserte ingeniørar.

Publisert: 21.02.2017 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42