Kort fortalt

Meir til ferjetransport

100 millionar kroner ekstra til ferjefylka.

11.05.2017
NPK-NTB: Regjeringa foreslår å styrke båt- og ferjefylka med 100 millionar kroner for å sikre eit godt transporttilbod for folk og næringsliv langs kysten.
Det varslar regjeringa i forslag til revidert nasjonalbudsjett torsdag.
Regjeringa foreslår å gi 100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene i 2018 særskilt til båt- og ferjefylka. Dette vil bidra til å styrke transporttilbodet og legge til rette for investeringar i miljøvennleg teknologi, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).
Regjeringa foreslå vidare ei ny finansieringsmodell for båtar og ferjer.
– Dagens system er ikkje rettferdig, sidan fylka får like mykje pengar per ferjesamband uavhengig av om det er kort eller lang distanse, eller få eller mange passasjerar. Vi foreslår no ein modell som vi meiner fangar opp dei ulike forholda som påverkar utgiftene fylka har til ferjer. Vi tar blant anna omsyn til strekningslengde, trafikkmengd og talet på skulereiser med ferjer, seier Sanner

Publisert: 11.05.2017 13:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42