Kort fortalt

Melde inn formuar for 60 millionar

Mesteparten var plassert i utlandet.

03.03.2021
Størstedelen av sakene handlar om økonomiske forhold i utlandet

I 2020 tok totalt 212 personar kontakt med Skatteetaten for å rapportere inn uoppførte inntekter og formuar gjennom ordninga frivillig retting, opplyser Skatteetaten i ei pressemelding.

Gjennom ordninga med frivillig retting kan du i ettertid melde frå om formue og inntekt som du ikkje har oppgjeve til Skatteetaten. Dei som får godkjent frivillig retting må betale skatten dei skuldar pluss renter, men slepp straff i form av tilleggsskatt og mogleg politimelding.

I løpet av 2020 vart det ferdigbehandla 304 saker som resulterte i ei auke av skattbare inntekter på 164 millionar kroner og formuar på 4,1 milliardar kroner. I 2020 kom det inn 212 nye saker. I Møre og Romsdal resulterte 12 ferdigbehandla saker i ei auke i skattbare inntekter på cirka 440.000 kroner og formuar på 60 millionar kroner.

­– Størstedelen av sakene handlar om økonomiske forhold i utlandet. At vi får meir informasjon frå andre land gjer det vanskelegare å skjule verdiar i utlandet, seier divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

Skatteetaten viser til at over tid har det vore ei endring i kven som ber om frivillig retting. Tidlegare har mange gjort det på grunn av risikoen for å bli oppdaga, at ein har eit ønskje om å ta verdiane tilbake til Noreg, eller fordi ein ønskjer å gjere opp for seg slik at arvingane skal sleppe å ta seg av problemet.

– No ser vi at det varierer meir kven som ber om frivillig retting. Det kan vere kven som helst, men vi ser at det i større grad handlar om at mange ikkje kjenner til regelverket og melder frå når dei oppdagar at verdiane ikkje berre er skattepliktige i det landet ein har eigedom eller konto, seier Gjengedal.

Alle inntekter og formuar, som til dømes bankinnskot, eigedom og aksjeutbyte i andre land, skal opplysast om i skattemeldinga kvart år. Det betyr ikkje at du risikerer å bli skattlagd dobbelt opp.

– Du har plikt til å opplyse om alle inntekter og formuar du har i alle land. Har du blitt skattlagd i utlandet, vil norsk skattelov og skatteavtalar med andre land sørgje for at du ikkje betalar skatten dobbelt opp, seier Gjengedal.

Publisert: 03.03.2021 09:58

Sist oppdatert: 03.03.2021 10:08