NPK-NTB: Etablering av nye datasenter i Noreg kan skape fleire hundre arbeidsplassar og milliardverdiar, ifølgje ein ny rapport.
Menon Economics har laga rapporten om dei moglege ringverknadane dersom Noreg klarer å lokke til seg store senter for datalagring, slik både Belgia og Sverige har gjort, skriv . Utgangspunktet for analysen er at det blir bygd såkalla hyperscale datasenter i tre trinn over ti år.
– Vi har estimert at eit datasenter vil bidra til sysselsetting av over 6.800 årsverk over analyseperioden på 12 år og over 450 årsverk i året når datasenteret er i full drift. I tillegg vil verdiskaping på over 5,2 milliardar kroner kunne knytast til datasenteretableringa over analyseperioden, med omtrent 320 millionar kroner i årlege effektar etter dette, heiter det i rapporten.
– Tala stemmer godt med våre analysar, seier Bjørn Holsen, som er direktør for forretningsutvikling i Statkraft. Han seier selskapet jobbar med å utvikle prosjekt som kan trekkje til seg dei internasjonale gigantane og har inngått intensjonsavtale om to store tomter til føremålet i Skien og Sandefjord.

Publisert: 09.06.2017 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41