Kort fortalt

Mest til dei som har

Høginntektsfamiliar får mest Enova-støtte.

29.11.2021

NPK-NTB: Ny forsking viser at det er dei med høge inntekter som oftast får inntil 150.000 kroner frå eitt av Enovas største tilskot.

– Det meste av pengane går til hushald som har ei samla inntekt på 1,3 millionar kroner eller meir. Veldig få hushald med låg inntekt får dette tilskotet, seier stipendiat Lars Even Egner ved Psykologisk institutt ved NTNU til NRK.

Han har forska på kven som fekk inntil 150.000 kroner i tilskot i Enova-ordninga «heilskapleg oppgradering av bygningskroppen» i åra 2016–2020.

Ei slik oppgradering betyr store og kostbare tiltak som gir lågare energiforbruk.

Enova får inn rundt 400 millionar kroner i året ved at dei tek inn eitt øre per kilowattime over nettleiga frå alle hushald i Noreg. Enova gir òg tilskot til andre tiltak, men Egner meiner det er etisk problematisk at dei med høgast inntekt får mesteparten av pengane frå det største tilskotet i ei ordning som blir sponsa av alle.

Pressesjef Eiliv Flakne i Enova seier tilskotet til heilskapleg oppgradering av bygningskroppen skal fremje ny teknologi.

– Tanken er at nokon skal gå føre, du kan gjerne kalle dei «early movers». Det er dei som har risikovilje og moglegheit til å gjennomføre eit slik prosjekt. Det er jo blant dei prosjekta som er størst under Enova-tilskotet; du kan få inntil 150.000 kroner i støtte, og det er naturleg nok ikkje for folk flest, sånn sett.

Publisert: 29.11.2021 11:26

Sist oppdatert: 29.11.2021 11:27