Kort fortalt

Mindre gods til havs

Nedgang på 5,1 prosent i sjøtransporten.

29.06.2017
NPK: I første kvartal i år blei det transportert 43,3 millionar tonn gods til og frå dei største norske hamnene. Dette er 5,1 prosent mindre enn same periode i fjor.
Det er nedgang i containertransport og transport av våt bulk, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
1,4 million tonn gods blei frakta i containerar i første kvartal i år. Dette er ein nedgang på 5,7 prosent samanlikna med første kvartal i 2016. Likevel blei det frakta 4.500 fleire containerar i år enn i same periode i fjor.
Transporten av tørr bulk har auka med 5,9 prosent, til 16,5 millionar tonn, samanlikna med første kvartal i 2016.

Publisert: 29.06.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41