Kort fortalt

Mindre kontantar gjev færre butikkran

"Berre" 62 ran i fjor.

19.04.2017
NPK: Talet på butikkran har dei siste åra gått sterkt ned her i landet. Mindre kontantar blir trekt fram som ei medverkande årsak.
Medan det i 2010 var heile 233 butikkran her i landet, var talet i fjor redusert til 62. Det går fram av statistikken frå hovudorganisasjonen Virke, fortel
Tryggingsrådgjevar i Virke, Thor Martin Bjerke, meiner mindre kontantar og betre politiarbeid er nokre av årsakene til at det har blitt færre butikkran.
– Noreg er blant dei mest kontantfrie landa i verda. Det er ein fordel både for dei tilsette og for butikkane, seier han.
Seniorrådgjevar Anette Tinglum i Næringslivets Sikkerhetsråd meiner nedgangen i butikkran også handlar om at dei kriminelle no er meir opptekne av å lure folk på nettet enn å risikere lang fengselsstraff for å rane folk og butikkar fysisk.

Publisert: 19.04.2017 16:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42