NPK-NTB: Som følgje av lågare oljeprisar gjennom 2016, fekk konsernleiinga i Statoil lågare samla utbetalingar enn året før. Det merka også konsernsjef Eldar Sætre.
Statoil-sjefen fekk utbetalt i underkant av 11,5 millionar kroner, rekna om frå amerikanske dollar etter dagens kurs, i 2016. Det er 2,7 millionar kroner mindre enn året før, går det fram av årsrapporten til selskapet, skriv
Pressekontakt Bård Glad Pedersen seier Statoil blant anna har halvert moglegheita for variabel lønn som følgje av låge oljeprisar gjennom året.
– Det gjeld både generell bonus for alle tilsette og bonus for konsernleiinga, seier han til avisa.
Han har ikkje oversikt over kor mykje selskapet har spart på å halvere bonusmoglegheitene, men nedgangen for konsernleiinga åleine var på omtrent 15 millionar kroner.
Framleis er det global strategidirektør John Knight som er best betalt, sjølv om også han gjekk ned frå omtrent 16,8 til 15,3 millionar kroner i 2016.
I same går det likevel fram at Knight avsluttar sitt arbeidsforhold med selskapet med verknad frå 1. januar 2019. I samband med dette får han ikkje lenger variabel lønn, men får i staden høgare fastlønn med seg ut døra.
Selskapet hadde elles omtrent 1.000 færre tilsette ved utgangen av 2016 enn året før. 18.000 av dei totalt 20.539 fast tilsette i selskapet er tilsette i Noreg.

Publisert: 17.03.2017 20:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42