Kort fortalt

Minus på Overøye

Underskot for skisenter.

Marius Rosbach
22.05.2023

Skisenteret Arena Overøye i Stordal fekk eit minusresultat etter 2022, viser årsrapporten.

Inntektene stoppa på 3,2 millionar – litt under fjoråret, som var eitt av dei beste inntektsåra til skisenteret.

Drygt 200.000 kroner i minus før skatt, vart fasiten på slutten av året.

Selskapet har ein eigenkapital på drygt 100.000 kroner og gjeld på kring 2,5 millionar.

Dei tre største eigarane er Pedro Eiendom, Westre Invest og Busengdal Transport, som eig i overkant av 20 prosent av aksjane kvar.

Arena Overøye As
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
3,2
3,6
Driftsresultat
-0,2
0,04
Resultat før skatt
-0,2
0,05

Resultatsaker frå fleire skisenter:

Publisert: 22.05.2023 11:50

Sist oppdatert: 22.05.2023 11:50

Mer om